Har kjørt ein slik Auris HSD for å få eit inntrykk av korleis drivlinja fungerer. Først av alt, bagasjerommet er nesten til å le av. Bakerst er det ei grop som kan romme eit par handleposar men batteripakka bak baksetet tek mykje plass.
Setene kan legges ned og golvet blir flatt men problemet er at det blir veldig høgt.
Kjørestilen blir veldig avslappa og fin med CVT-kassa. Men bilen har for lite støydemping, noko som fører til at ein prøver å unngå å bruke bensinmotoren. Men t.d. i lyskrysskjøring er det for lite kraft i elektromotoren til å få ordentleg aks slik at bensinmotoren må trå til og ein blir litt irritert over lyden.
CTen vil sikkert ha mykje betre støydemping så det blir interessant å prøve der. Men siste Auto Motor og Sport har prøvekjørt ein CT-prototype og dei nevnte og at motorlyden var litt irriterande i "Sport"-modus. Hadde ikkje vore noko problem med rekkesekserlyd men det er ikkje akkurat det vi har her
Aurisen har og "Power"-modus men dette er ikkje heilt det same som CTen får. I Aurisen betyr det berre at CVT-kassa legg motoren på høgt turtal. CTen får ekstra batterispenning i tillegg (650V mot normalt 500)
Uansett er akselerasjon svært udramatisk med CVT-kasse. Bilen går fortare men heilt lineært så det er nesten litt kjedeleg.
Testa og EV-modus (kun batteri). Det vart ein ganske kort tur, starta på 90% batterikapasitet og kjørte vel omtrent ein kilometer i 40-50 før den kobla over til normalmodus igjen. Så i praksis er vel dette for parkeringshus og kanskje for å unngå at kona vaknar når du kjem seint heim frå "jobb".
Bilen har krefter nok til dagleg bruk men pga. lyden blir toppeffekten i praksis mindre tilgjengelege enn i f.eks ISen. Der er det ein fryd å dra den opp til 5000. I Aurisen blir det meir ei pine kun for nødstilfelle. På den andre sida er vel det bra for forbruket.
I sum er det mange ting Lexus kan gjere betre enn Toyota i dette formatet. Og det bør dei. Dette har potensiale til å bli ein svært komfortabel og fin bil men da må dei ta vekk kjensla av å være slem mot bilen ved pådrag.