Då har eg hatt framføring!

Gjekk egentlig veldig bra! Var jo seff nervøs før eg begynte, men kom fort inn i grooven får en sei! Er jo et tema eg liker å snakke om, så det vant eg nok mykje på!
Læreren si tilbakemelding: "Godt med slike studenter. Er jo berre å lene seg tilbake og lære!"
Fleire av medklassingene som syns det var ei god framføring og at eg hadde valgt et interessant tema. Prøvde å få til diskusjon etter framføringen, men det gjekk ikkje så godt. Den eine som sa noke var blitt overbevist om at bildesign kunne vere kunst, selv om eg ikkje prøvde hardt å overbevise dei.. Presenterte begge sider med like stor vekt. Avslutta med å spørre om konseptbiler kan vere kunst siden det ikkje har funksjon som bil, og det kan ha gitt litt ekstra tyngde til JA-sida.
No er det ikkje innlevering før 15. desember, så eg kjem til å prioritere fag nummer to ei stund.