Side 1 av 1

Selger Celica ST162 kr 15.000,-

Legg innLagt inn:08 feb 2012 20:07
av peedie
BildeBilde

Grunna unge nr 3 på veg ser eg meg nøydd til å selje godbilen.
Det er ikkje mange att av denne modellen, Celica ST162, så eg håpar at ny eigar tek vare på denne perla. Sel den no for kun kr 15.000,- pluss omregistrering.

Bilen har vorte jobba med dei siste åra. Blandt anna har begge hjulbogane bak, samt dempartårna, vorte sveisa og fått nytt metall. Rust er nemleg eit vanleg problem på hjulbogane på desse bilane. Då eg hadde planlagt å legge på skjermbredderar (følgjer med) har eg ikkje jamna ut desse sveisane med glasfiber eller tilsvarande enda. Bilen ser derfor litt "rally" ut.

Negativt med bilen:
- Oljetemperaturmålar fungerar ikkje.
- Elektrisk vindaugsrute på passasjersida virkar ikkje. Mest truleg er motoren gåen på denne (kostar 500,- brukt)
- Varmeapparatet produserar kun kald luft. Har flusha gjennom systemet. Kan vere dårleg gjennomstrøyming eller varmeapparatradiatoren. (Bilen har kupévifte og motorvarmar ved parkering for kalde dagar).

Bilen har sidan 2010 fått
- Ny radiator med nytt orginalt radiatorlokk.
- Nytt batteri.
- Ny termostat.
- Ny vasspumpe.
- Ny (brukt) startar.
- Nye tennpluggar.
- Nye bremseskiver og klossar framme.
- Nye bremseklossar bak, samt nye kopparrøyr.

I tillegg har bilen:
- Sparco ratt (orginalratt følgjer med).
- "Rally" skvettlappar.
- TRD girkule.
- TRD oljelok.
- NRG EPAC-4 Voltage Stabilizer.
- K&N luftfilter.
- OBX Racing Sports eksospotte (fantastisk lyd).
- Kupévifte og motorvarmar, gir også med tidsur til desse.
- DVD- / Radio- / CD- / MP3-spelar med uttak til ekstra skjerm, inngang for ipod og liknande.
- BF Goodrich G-force Stud 185/65/R14 piggdekk på orginale Celicafelgar produserte i 1986. Desse vart sandblåste og pulverlakkerte kvite i februar 2011. Dekka vart kjøpt i februar 2011. Altså er dei som nye.
- BF Goodrich G-force Profiler 195/50/R15 sumardekk på Toyotafelgar. Desse vart sandblåste og pulverlakkerte svarte i februar 2011. Dekka vart kjøpte på førsumaren 2011. Altså er dei knapt brukte.

Etter at bilen vart i ferdig teknisk stand og EU-godkjend i mars 2011, lakka eg den i matt grøn farge for at ikkje rusten skulle komme attende. Brukte i tillegg hammarlakk og karosseribeskyttelse langs dørk og kanalar før lakking. Lakken er med andre ord ikkje strøken, men rallytøff - i følgje subjektiv eigar.

Sidan dette er eit prosjekt som eg ikkje har fått tid til å gjere heilt ferdig, følgjer det med eit lite lass med av reservedeler og andre ting, blandt anna:
- Ryggekamera.
- Skjermbredderar av glasfiber.
- TRD bakre bremseklossar.
- Bremseskiver bak.
- Spacers.
- Grøftelys.
- Ekstra langlys (1000-meter).
- Registerreim (skulle bytte denne, men den som står på var i for god stand til å bytast).
- Brukt termostat og vasspumpe (desse vart bytta, men fungerar fint).
- TRD bensinlokk.
- Ny list til å ha rundt frontrute.
- Bensintankplugg med pakning.
- Eksosoppheng-gummi.
- WRC pedalar.

I tillegg gir eg, til pynt i den nye eigaren sin garasje, med ein del artige reklameposters frå den gang Celicaen var ny og revolusjonerande, samt eit rallybilde av Celicaen som den svenske rallystjerna Björn Waldegård køyrde då han vann "38th Marlboro Safari Rally Kenya" i 1990 - SIGNERT av Björn Waldegård sjølv! (Ja, eg er Celica-nerd)

Det er sikkert noko eg manglar av info no, men som du skjønnar er dette ein bil eg er utruleg glad i, og som det vert hardt å selje. Men med 2 (snart 3) små rampeungar lyt ein etterkvart prioritere litt anleis enn tidlegare.

Eg set prisen til 15.000,- inkl årsavgifta. Det er brukt mykje tid og altfor masse pengar på denne bilen, så den nye eigaren får seg her ein fantastisk bil, og truleg ein av dei ST162ane som er i aller beste tekniske stand her i Noreg.

Grunna jobb kan eg vere vanskeleg å få tak i på tlf. Send då gjerne ein SMS eller mail, så kontaktar eg deg så snart eg kan.
Bilen står i Sogndalsområdet.

SMS: 97173752
MAIL: lazt1@hotmail.com

Bilete frå restaurering.
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde
Bilde

Re: Selger Celica ST162 kr 15.000,-

Legg innLagt inn:09 feb 2012 23:30
av peedie
Bilen har 3S-GE 2 liters motor. Snart gått 200 tusen km. Ikkje mykje for denne motoren.