Endelig fått henta bilen heim!
Simmerringene på begge sider er skifta, er selvfølgelig fylt ny diffolje og det er skifta ut dårlige gjengebolter framme. Triptelleren var det tull med og, den ville ikkje begynne å telle igjen etter at eg nullstilte. Viste seg å vere en vaier inne i instrumentpanelet som var gått av. Dette fiksa dei ved å korte inn vaieren og feste sammen igjen. Fungerer igjen no! "Dette må vi fikse, må ha i orden disse gamle klassikerne!" var det en mekaniker der som sa. Heilt korrekt uttalelse!
Var interesse for å sjå bilen hos Bilpleiehallen også.. Dei hadde ikkje ledig time, men eg "kunne no komme bortom og vise bilen!"

Han hadde visst en 82-modell Celica. Min er jo en forlenga versjon av den, derav interessen sikkert. Blei ikkje tur bortom dit, men kan nok hende eg shiner bil der neste gang.
Bilen blei levert til Sunnfjord Bilpleie for lakkrens og polering. Der har dei klart å vere litt hardhendte med polérmaskina.. Gnura gjennom lakken på frontfangeren.. Utrulig kjedelig. Såg det ikkje før eg var halvveis heimkomt heller. Sendte dei bilder av skadene, men har ikkje fått svar. Må nesten få heile jobben gratis.. Synd og, for resten av jobben er godt gjort! Den er ikkje lenger falma raudrosa; no er den djupraud og som ny i lakken! Skikkelig SUPER RED!
Kjem nok ikkje til å bruke Sunnfjord Bilpleie igjen, likevel..