Du kan kome opp i mange kjekke situasjonar når du har rattet på høgre side. Eg var barnevakt for ei jente på ti år, sist sommar, og vi var på tur. Vi køyrte forbi ein stasjonert politibil, som såg bilen min, og såg jenta på ti, i venstre framsete, og dei heiv på blåljos og heiv seg etter oss. Såg at betjentane fekk eit lettelsens sukk over seg då dei såg at ho ikkje køyrte, men at det var meg. Hehe.
Elles, kan ver ein utfordring på smale vegar. Du kan sjølvsagt kome deg så longt ut i grøfta som du sjølv ynskjer, du har MYKJE betre kontroll på høgre-sida enn venstre-sida, men det kan vere ein utfordring å halde deg innanfor din side av vegen, den fyrste stunda. Med rattet på venstre side, er du van med å halde deg vekke frå grøftekanten, no skal du kline deg oppetter den.
Forbikøyringar kan vere ein utfordring. Du må gjerne liggje eit godt stykke bakom bilar du skalkøyre forbi, for å sjå om det er klart framom. Med tanke på at du har rattet på høgre sida, må du ofte eksponere over halve venstre ut i den andre fila,for å sjå korleis det er framom, og det kan skape MANGE farlige situasjonar. Det du KAN gjere med dette, er å liggje longt ut til høgre sida, for så å sjå framover på den sida. Er mykje lettare å sjå framover på denne måten. Liggje eit godt stykke bakom, og sjå til høgre for bilen framom deg. Sjeldan bilar køyrer SÅ teitt at det er umogleg å sjå framover om det er mogleg å køyre forbi.
Fotgjengarar som går på riktig side av vegen, kan verte ein utfordring også. Når du sit på høgre sida av bilen, og ser rett framover, kjem fotgjengarar imot deg, og syklistar som syklar "frå" deg, til å vere mykje mindre synlige, enn når du ser på dei frå venstre sida av bilen. Dei får ein visuell "passiv" framtoning, ofte ser du fotgjengarar når dei bevegar på hender fram og attende, og beveger føtene, når dei kjem rett framom deg, vert dette longt mindre synleg.
Eg køyrer riktignok ikkje Supra, men eg køyrer høgreratta bil til kos. Er utruleg kjekt, og å ha rattet på høgre sida er ofte eit diskusjonsemne når folk vil kome i prat med deg. Peis på!
